Tips til våren og konfirmanten

Då kjem det litt fleire smykketips! Smykka du ser på bileta her har vore veldig populære til alle aldre, og passar også flott til ein konfirmant! Smykker ein kan sette pris på lenge, og bruke både som ungdom og vaksen. Håpar du finner litt inspirasjon, vi hjelper deg gjerne vidare i Valle og Oslo! Her ser de også nokre av bloggaren «Fotballfrue» sine favorittar.

- Gunnhild

 

Posted in Hasla i Oslo, Hasla i Valle | Leave a comment

Showpieces 2012

Skissebok

VI har i fleire månader jobba med å lage showpieces, eit veldig spennande og moro prosjekt! Vi har gleda oss til å kunne dele dette med dykk! Konseptet her er at vi lagar store, spesielle smykker som berre finnast i eitt eksemplar kvar. Anne Hasla har designa smykka, og det er Tom Ståle Moseid på verkastaden i Valle som har tatt seg av alt det tekniske. Alle smykka er laga for hand, og er heilt unike! Dette vil også vere eit lite hint om kva de kan vente å sjå til hausten, og vår neste kolleksjon. Vi elsker den røffe nagleoverflata, og dei spesielle steinane som er tilpassa kvart enkelt smykke. Her har vi laga armring, klave, ringar og kjeder – og vi håpar du likar det! Her ser du bilete av det ferdige resultatet!

- Gunnhild

 

 

Armring

 

Klave

Ring

 

Posted in Design!, Hasla i Oslo, Hasla i Valle | 1 Comment

Inspirasjon, konfirmasjon og vår!

 

Mai er ein månad det skjer mykje, våren er i gong og for mange betyr denne månaden også konfirmasjon. Vi kjem til å lage tips og inspirasjon for nettopp dette framover, og byrjar med å vise smykker som har vore veldig populære til konfirmanten. Smykka er også fine for alle aldre, og det er så deilig å bruke litt fargar! Spesielt no som det er varmare, og dei verkeleg kan visast fram! Bileta her er av ringar og anheng frå seriane «Oval Sirkel» og «Kolibri Fugl», som også kjem i mange forskjellige fargar og variantar. Det er også veldig fint å kombinere ein stor ring med ein smalare sølvring, slik du ser på det siste biletet.

- Gunnhild

 

Posted in Hasla i Oslo, Hasla i Valle, Inspirasjon | Leave a comment

Utstilling

Då var det på tide å bytte utstillinga i Markveien, og denne gongen ville vi har masse fargar! Neonfargar er ein av vårens flottaste trender, og det var utgongspunktet vårt då vi planla korleis vi ville ha det. Det er også sesong for konfirmasjon, bryllaup og 17.mai, så då er det moro å stille ut det tradisjonelle bunadsølvet i ei utradisjonell setting! Som vanleg tok vi turen til Norway Design, og der fant vi akkurat det papiret vi ville ha. Sumarfuglane frå førre utstilling lot vi henge, då dei gjorde seg like fint med dei nye fargane og smykka. Håpar du likar det, og håpar du kjem innom og tar ein kikk!

- Gunnhild

 

Posted in Hasla i Oslo, Inspirasjon | Leave a comment

Design5

I går var Anne, Gunnhild og Gunvor på Posthallen i Oslo for å vere med på hendinga «Design5″. I forbindelse med den norske lanseringa av nye Citroën DS5, hadde bilmerket i samarbeid med Norwegian Fashion Institute utlyst designkonkurransen «Design5″. Fem unge og innovative talent frå den norske moteverda fekk i oppgåve å designe det perfekte antrekket, som skulle komplimentere og tolke detaljane og verdiane til den nye Citroën D5. Vinnaren vart kåra i Posthalleni Oslo, etter eit moteshow der alle designarane hadde vist sitt bidrag. Ein veldig spennande og koseleg kveld!

- Gunnhild

 

 

Posted in Hasla i Oslo | Leave a comment

Nytt i Markveien

Det er alltid ein gledens dag i Markveien når ein av årets to leveringar av Coeur De Lion kjem! Smykker som aldri er like, og som alltid byr på noko nytt og spennande! Smykka er handlaga i Tyskland, og kvaliteten er upåklageleg  - ein god grunn til å ha dei i hjå Hasla i Oslo. Kolleksjonen vi har inne no er vår/sumar 2012, og alle modellane er nye. Vi har kun tatt inn eitt eksemplar av dei smykka vi har bestilt, så her får du ha din Coeur De Lion heilt i fred! Kom innom og ta ein titt, og finn din favoritt – smykka no er perfekte ljosare tider, og ikkje minst til både bryllyp og konfirmasjon! Vi har ihvertfall kost oss stort med å få fram alt det lekre, håpar du vil like det!

- Gunnhild

Eit lite glimt frå butikken

 

Posted in Hasla i Oslo | Leave a comment

Hasla og treasures.no

No er eit utval av våre smykker tilgjengeleg i nettbutikken treasures.no. Det er smykkebutikken til Caroline Berg Eriksen, bloggaren fotballfrue.no. Vi er glad for å kunne representere den eksklusive delen av butikken, og synes våre smykker passar godt inn i hennar nettbutikk! Du kan også lese eit innlegg om Hasla her. Vi er veldig spente på dette nye samarbeidet! Her kan de sjå nokre flotte bilete av Caroline med Hasla-smykker! Ringen ho har på seg er frå serien «Oval Sirkel» og ho har eksemplaret med steinen Phrenite (ljos grøn) og Rosenkvarts (rosa), nydelege steinar som er perfekte for vårens pastellfargar! Smykket er maxi-anheng frå serien «Kolibri Fjær».

- Gunnhild

Posted in Hasla i Oslo, Hasla i Valle | Leave a comment

Gamle bilete frå Setesdal

Kyrvestad, ca 1910

Vi har lenge tenkt på at vi vil dekorere butikken i Oslo med gamle bilete frå Setesdal, og no har vi endeleg fått bestilt det vi vil henge opp! Setesdalsmuseet har ein stor bank med bilete, og vi var så heldige at vi kunne plukke ut eit utval frå deira heimeside. Bileta du ser her er eit utval bileta til August Abrahamson, og er frå tidleg 1900. Ein fantastisk kvalitet, og nydelege motiv som vi er veldig glad for å kunne henge opp i butikken i Markveien! Det er også laga ei bok med samling av August Abrahamson sine fotografi frå Kristiansand og oppover heile Setesdal, og det var der vi henta vår inspirasjon til dette prosjektet. Vi gler oss stort til bileta er klare frå trykken, og takkar Setesdalsmuseet for god hjelp!

- Gunnhild

Bjørnevatn, 1902

Hallandsfossen, ca 1910

Rygnestad, ca 1910

 

Posted in Hasla i Oslo, Hasla i Valle | Leave a comment

Inspirasjon

Våren er her! Og med det har vi laga inspirasjon til sol og ljosare tider.Kalde og varme fargar, smykker til ein kvar anledning. Her ser du eit utval frå Kolibri, Oval Sirkel og Iris.

- Gunnhild

Posted in Hasla i Oslo, Hasla i Valle, Inspirasjon | Leave a comment

Facebook

Denne veka har vi eit spesielt tilbod på facebook! Vi vil gjerne sjå bilete av deg med ditt Haslasmykke, og ønskjer veldig gjerne at du deler det med oss! Det du gjer er å like oss på facebook, dele bilete, merke deg i det – og du får 20% på eit valfritt smykke hjå Hasla i Oslo eller Valle.  Vi håper du vil dele, og vi gler oss til å sjå deg med din Haslafavoritt!

- Gunnhild

Posted in Hasla i Oslo, Hasla i Valle | Leave a comment